Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring om breibandsutbygging

Nissedal kommune vurderer å søkje staten om tilskot til vidare utbygging av breiband i kommunen. Eitt av krava for å få slikt tilskot er at planen for utbygging skal vere til høyring i kommunen.

Regjeringa har gitt NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søke NKOM om støtte og kommunale søknader blir sendt gjennom Telemark fylkeskommune. 

I samband med ein mulig søknad inviterer vi derfor bedrifter og innbyggjarar til å kome med innspel i forhold til denne saka til kommunen innan 10. mai 2016.
Kommunen vurderer å søke om tilskot til breibandutbygging til dei områda i kommunen der kapasitet og/eller kvalitet er spesielt dårleg.

Kontaktperson i Nissedal kommune er Hildegunn Rønningen.

Innspel kan sendast som epost til postmottak@nissedal.kommune.no, vanleg brevpost eller leverast på kommunehuset.

Merk innspelet med: Høyringsuttale breibandsutbygging


Rådmannen

Breiband

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk