Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Gratis HPV-vaksine

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde 1991 og seinare.

Alle kvinner født 1991 og uvaksinerte kvinner født mellom 1991-96 får tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine). 

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009.

Tilbodet er midlertidig og varer til 2019.

HPV-infeksjon

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, og dei fleste i ung alder. Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokon får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft.

Vaksina blir anbefala til unge kvinner for å førebyggje livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon. 
Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen.

Vaksina kan beskytte sjølv om ein har debutert seksuelt.

Vaksinasjonsprogram på Nissedal legekontor:

Vaksine 1: 18.10.17 kl. 14.30 
Vaksine 2: 20.12.17 kl. 14.30 
Vaksine 3. 20.06.17 kl. 14.30

Vaksinene må bli gjeve innafor ein periode på 6-12 månadar, og må difor startast opp innan juli 2019.

Tilbodet gjeld også i andre kommunar, slik at dykk kan få vaksine der de oppheld dykk/ går på skule. 

Meir informasjon på Folkehelseinstituttets nettside.


Helsesyster Anita Haugestad Haugsjå tek i mot påmelding: 
Telefon 35 04 84 20
E-post: anita.haugsjaa@nissedal.kommune.no

Påmeldingsfrist innan 27.09.2017.


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk