Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ny arrangementskalender

Har du eit arrangement du vil fortelje om?
Eller lurar på kva som skjer i kommunen?

Vi har ei stund vore utan "Kva skjer?"-kalender på heimesida, men nå er ei ny løysing på plass på vest-telemark.no. Denne sida viser arrangement som finn stad i heile Vest-Telemark. 

Her kan alle som ynskjer det legge inn sine arrangement - klikk på "Registrer arrangement" til høgre på sida. Etter at arrangementet har blitt godkjent, vil det bli vist på vest-telemark.no og eventuelt på reiselivssider som Visit Dalen, Visit Seljord, Visit Telemark og Visit Norway dersom dette er relevant.

Du finn sida til Nissedal under "Kva skjer i Nissedal" på framsida av heimesida.

Til fleire som tek i bruk denne kalenderen til betre blir den!

Har du spørsmål? 

Ta gjerne kontakt med oss på resepsjonen@nissedal.kommune.no eller 35 04 84 00.

Kalender

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk