Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sommarhelsing frå ordføraren

Til gode nissedølar og besøkjande i Nissedal!

Håpar roa har senka seg og at de alle nyt late feriedagar.

Før eg tek ferie har eg behov for å dele nokre tankar med dykk.

Som sikkert mange allereie har fått med seg har kommunen fått stor mediadekning om dagen, og ikkje av den gode sorten.

Eg vil på ingen måte dømme nokon, men at ein familie med ei anna hudfarge har hatt ei svært dårlig oppleving på ferietur her i kommunen er det ingen tvil om.
Eg trudde ikkje slikt kunne gå føre seg i Nissedal i 2019.

Eg har hatt ein lang samtale med familien og beklaga på vegne av oss alle.

Det store engasjementet hjå svært mange nissedøler rundt denne saka har også blitt formidla til familien, noko dei sette stor pris på.

Neste gong familien kjem på besøk til Nissedal skal eg sjølv ta dei med på ein skikkelig båttur på Nisser, og samtidig vise dei varmen og toleransen som er i den flotte kommunen vår.

Håper me aldri vil oppleve slike ting igjen, men at alle som kjem til vår kommune blir møtt av imøtekomande og varme innbyggjarar.

Eg ønskjer dykk ein riktig god sommar!

Mvh.

Halvor Homme
Ordførar i Nissedal


SommarblomsterColourbox

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk