Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sommarjobb for skuleungdom frå Nissedal – lønstilskot til verksemder


Verksemder kan søke Nissedal kommune om lønstilskot.

Vilkår for å få tilskot:

Det blir gitt lønstilskot på kr 35,- per time i minimum 50 timar, maksimum 150 timar.
Ungdommen må ha fylt 16 år, vere under 18 år og registrert som busett i kommunen.
Søknader knytt til ungdom det tidlegare er motteke lønstilskot for vert nedprioritert.
Det blir berre gitt lønstilskot for arbeid utført innanfor normalperiode for skuleferie. 

For å kunne søke om lønstilskot for ungdom, må tilsetjinga vere knytt til eit organisasjonsnummer.

Verksemda forpliktar seg til å betale minimum 80% av kommunen si løn for unge arbeidstakarar og må forplikte seg til å følgje tariffavtale i høve til arbeidsforhold som gjeld for unge arbeidstakarar.

Søknaden skal innehalde namn og fødselsdato på skuleungdommen og sendast til:
Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

Ved spørsmål, kontakt Anne Rønningen på telefon 35 04 84 17, e-post: anne.ronningen@nissedal.kommune.no 

Søknadsfrist: 21. mai 2018

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk