Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Totalforbud mot open ild frå 25.05.18

På grunn av stor skogbrannfare fattar brannsjefen i Vest Telemark vedtak om forbud mot bruk av open eld utandørs i Nissedal-Seljord-Kviteseid-Fyresdal-Tokke og Vinje kommunar.

Forbudet omfattar bruk av all open eld som kan antenne gras, skog og liknande.

Forbudet gjeld fra 25.5.2018 og inntil situasjonen forandrar seg. 

I tillegg til gjeldande forbud mot å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark, innføres forbud mot bruk av open eld i innmark.
Vedtaket er fatta med hjemmel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3.

Skogbrannfaren er for øyeblikket stor i dei overnevnte kommunar. Brannsjefen har på bakgrunn av dette innført totalforbud mot bruk av open eld utandørs.

Det betyr: 

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grill i strandsona eller i nærleiken av skog, mark og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål på de vanlegvis tilrettelagte bålplassane
  • Det er ikkje lov å tenne opp små kaffebål
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på egen tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak
I forbindelse med eventuell skogsdrift må stor forsiktighet utvisast, skogdriftsaktører kjenner farane og må nå fortløpande vurdere om situasjonen tillet drift.

Det fylgjer av aktsomhetskravet i lov og forskrift om brann. Det varme og tørre været som vi har hatt i vårt distrikt i lengre tid har ført til stadvis stor fare for brann i gress - skog og annan vegetasjon.

Forbudet gjeld inntil forbudet blir oppheva.  Brannsjefen oppfordrar alle til å respektere totalforbudet mot bruk av open eld i denne perioden.
 
Skader som eventuelt skulle oppstå som følge av bruk av alle typer eld eller annan aktivitet som fører til brann kan medføre straffeansvar.

Ved brann eller farlige situasjoner, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.


Høydalsmo 25.05.2018.

Tore Metveit
Brannsjef

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk