Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ungdomsklubben

Velkomen til ungdomsklubben KEMFU 2016/17.

Ungdomsklubben er open kvar onsdag frå 15.30 – 18.30, og frå kl 18.00 – 23.00 annankvar fredag i partalsveker. Ungdomsklubben er ope frå veke 34 med både onsdagsope og fredagsope.
Ungdomsklubben held til i eigne lokale i Fleirbrukshuset. Der er det bordtennis, biljard, stereoanlegg, pc og ein stor og god sofa om ein berre vil slappe av og prate. Ungdomsklubben nyttar og Fleirbrukshallen og etterkvart basseng også. Innimellom er det ulike aktivitetar og ein reiser på tur ein til to gonger i året.
Det er Roberto Soest og Marjan Wouts som jobbar på ungdomsklubben.

Dei som ynskjer å gå på ungdomsklubben må betale ein kontingent på kr. 100,- for ungdomstrinn og vidaregåande og kr 50,- for born på mellomtrinnet. Medlemskontingenten kan du betale på ungdomsklubben.

På onsdagar er ungdomsklubben open for mellomtrinn og ungdomstrinn. Sidan skuledagen er forlenga ein time, til kl.15.30, opnar no ungdomsklubben kl.15.30 og varer til kl 18.30.
På onsdagar er det mogleg å kjøpe varm mat frå kl 15.45 – 16.30. Vi kjem til å ta påmelding til maten, men fyrste onsdagen er det berre å kome å kjøpe. Vi serverer tomatsupe med makaroni fyrste onsdag, 24. august. Dette måltidet kostar fast kr. 20,-.

På onsdagar vert det også fast hallaktivitet med Roberto frå kl. 16.30 – 17.30 som ein kan vere med på om ein har lyst.
Elles er det vanleg aktivitet i ungdomsklubben for dei som har lyst til det.
På onsdagar er det også mykje anna som skjer, mange har timar i kulturskulen, og annankvar onsdag er det kino. I tillegg kan det vere ulike treningar i hallen og anna som skjer.

På 26.08 frå kl.18.00 – 23.00 er det fyrste ungdomsklubb på fredagar denne sesongen. Det vil bli nokon ulike aktivitetar desse fredagane, dei vil bli annonsert på FB-sida til ungdomsklubben. Følg oss gjerne på FB og send oss gjerne forslag til aktivitetar eller turar de ynskjer. Søk Roberto Soest, ungdomsklubb.

Med helsing Eining for kultur.

Ungdom som spilar bordtennisSimonas Fotostudio

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk