Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vassmålaravlesning på SMS

For å effektivisere innsamling av vassmålaravlesingar iht reglement tar kommunen i bruk SMS-varsling.

Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din i dei tilfella der vi har registrert nummet ditt eller ved at du har registrert deg i offentlege register.

Varslingssystemet er integrert i fagsystemet vårt for kommunale eigendomsgebyr som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold knytt til eigedomar i kommunen. Vi varslar eigarrepresentant og eller rekningsmottakar eller kontaktperson til eigedomen.

I samband med vassmålaravlesing har vi moglegheit til å overstyre utsendinga av SMS. Dvs vi vil for enkelte eigedomar kun sende ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der vi ikkje finn mobilnummer.

Ved feil.
Viss du mottar ein sms som du meiner er sendt til feil mobilnummer, ber vi deg om ikkje å svare på denne. I tillegg må den som mottar ein feilsendt sms, sjekke opplysningane sine i dei offentlege registra og 1881.

Løysinga fungerar ikkje som ein innbyggjardialog. Det er inga manuell oppfølgjing.

Kan vi nå deg?
Det fins 2 ulike register ein kan velge å registrere seg i, for at vi skal nå deg (Her kan du også kontrollere om du allereie er registrert). I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no

1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregister tilrår vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mykje av kontrakten med det offentlege vil gå føre seg her i framtida, på lik line med sjølvmelding som dykk kanskje er kjent med frå tidlegare.

2. www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister kun kopla opp mot Varsling24 og kommunens varslingssystem.

Bedrifter
Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no då telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytte det mobilnummeret du svara frå, eller evt. det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgir på svarslippen.

Har du spørsmål, ta kontakt med Trine Aas på tlf. 35048436 eller e-post trine.aas@nissedal.kommune.no


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk