Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Viktig informasjon frå helsesøster

Helsesøster Anita H. Haugsjå informerer om hand-,fot- og munnsjukdom blant barn i Nissedal.

Vi har for tida fleire barn som har fått hand-, fot- og munnsjukdom i Nissedal kommune. Dette er ein virusinfeksjon med utslett i munn, hendar og fotsolar. Den føre kjem fyrst og fremst hos barn under 10 år, er svært smittsom og kan opptre som mindre epidemier. Det er ikkje mogeleg å stille denne diagnosen før blemmene er tilstade. Dette betyr at når diagnosen blir stilt har smitte til miljøet alt skjedd. Det er ikkje naudsynt å halda barna heime frå barnehage eller skule i perioden med blemmer. Blemmer som ein evt. har på hender og føter skal dekkjast til med tanke på kontaktsmitte. Barna kan vere i barnehage eller skule om dei ikkje har feber over 38 grader eller redusert allmenntilstand. 

Med vennleg helsing
Anita Haugstad Haugsjå
Leiande helsesøster
Nissedal kommune
3855 TREUNGEN
91919123 \ 35048420

Hånd, fot og munnsjukdom

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk