Kulturminne - løyve til inngrep
Generelt
Dersom du har eit kulturminne på eigedommen din og planlegg eit tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget (for samiske kulturminne). Dette gjeld kulturminne som er automatisk freda, det vil seie kulturminne datert før år 1537 og alle samiske kulturminne eldre enn 100 år. Eksempel på slike kulturminne kan vere gravhaugar, offerplassar, dyregraver og bautasteinar. Kulturminne kan vere på land eller under vatn.
Interkommunalt plankontor kan hjelpe til med slik melding/søknad.
Målgruppe
Privatpersonar eller verksemder som skal setje i gang mindre tiltak.
Kriterier/Vilkår
Gjeld tiltak som for eksempel grøfting, skogplanting, bygging av hytte, garasje, osb.
Annan informasjonRiksantikvarenOM SØKNADSPROSESSENRettleiing
Ta kontakt med fylkeskommunen dersom du vil ha meir informasjon om ordninga, eller dersom du er usikker på kva som er eit mindre, privat tiltak.
Skjema
Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema.
Vedlegg
Gje ei forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning.
Søknaden sendes til
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen/Sametinget. Dei vil ta stilling til om tiltaket er i konflikt med automatisk freda kulturminne, og i tilfelle sende saka vidare til Riksantikvaren.
Behandling
Det kan vere aktuelt med synfaring og registrering av kulturminna. Det er ofte ein fordel å gjere dette når det er frost- og snøfritt. Fylkeskommunen/Sametinget vurderer søknaden og sender tilrådinga si til Riksantikvaren. Riksantikvaren gjer vedtaket sitt, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli stilt vilkår om arkeologisk utgraving der tiltakshavaren må dekkje kostnadene. Du kan søkje om støtte til dette.
Saksbehandlingstid
Fylkeskommunen, Sametinget og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket frå Riksantikvaren om å gje løyve eller nekte tiltaket. Dersom vedtaket inneber vilkår om arkeologiske utgravingar, kan du klage på dette. Klagefristen er seks veker. Klaga skal sendast til Riksantikvaren. Dersom Riksantikvaren lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Miljøverndepartementet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Sist oppdatert:
27.12.2012
KONTAKTINFORMASJONInterkommunalt plankontor for Kviteseid og NissedalTelefon:
35 04 84 00
Telefaks:
35 04 84 10
E-post:
info@nissedal.kommune.noPostadresse:
Interkommunalt plankontor
3855 Treungen
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN
Opningstid:
7.45 - 15.30 (15.00). (Stengt kvar tysdag for besøkande og inngåande telefonsamtalar).
Kontaktpersonar:
Sveinung
SeljåsPlansjef
Telefon:
35048430
Telefaks:
35048410
Send e-post
AKTUELLE SKJEMA
Kontakt fylkeskommunen for å få søknadsskjema.