Arealoverføring
Generelt
Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slipp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skjøyte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.
Målgruppe
Eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameie
Pris
Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet.
Kriterier/Vilkår
Det må liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre.
OM SØKNADSPROSESSENRettleiing
Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Selgjaren skal godtgjere at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.
Søknaden sendes tilInterkommunalt plankontor, 3855 Treungen
Behandling
Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.
Saksbehandlingstid
Når det ligg føre eit endeleg vedtak etter plan- og bygningslova, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.
Høve til å klage
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på arealoverføringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lar avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Sist oppdatert:
28.02.2013
KONTAKTINFORMASJONInterkommunalt plankontor for Kviteseid og NissedalTelefon:
35 04 84 00
Telefaks:
35 04 84 10
E-post:
info@nissedal.kommune.noPostadresse:
Interkommunalt plankontor
3855 Treungen
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN
Opningstid:
7.45 - 15.30 (15.00). (Stengt kvar tysdag for besøkande og inngåande telefonsamtalar).
Kontaktpersonar:
Bjarne
UnderdalOppmålingsingeniør
Telefon:
35048432
Telefaks:
35048410
Send e-post
Torill
LohneOppmålingsingeniør
Telefon:
35048440
Telefaks:
35048410
Send e-post