Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Samanslåing av matrikkeleiningar (eigedommar)


Generelt

Eig du to eller fleire matrikkeleiningar (eigedommar) i same kommunen, kan du krevje å få dei slått saman til éin eigedom med eitt gards- og bruksnummer. Festar du to festegrunnar (med kvart sitt festenummer) på same bruksnummeret, kan du krevje å få dei slått saman til eitt festenummer. Sjå nedanfor kva for vilkår som må vere oppfylte.

Målgruppe

Personar som er heimelshavarar (har grunnboksheimel) til meir enn éin eigedom eller meir enn éin festegrunn

Kriterier/Vilkår
  • Eigedommane må liggje i den same kommunen. Til vanleg vil eigedommane grense opp til kvarandre og utgjere eit samanhengjande heile, men det er òg høve til for eksempel å slå saman to eigedommar som ligg på kvar si side av ein veg
  • Det må liggje føre ein attest frå kommunen. Dersom ei samanslåing kan føre til forhold som er i strid med reguleringsføresegnene, kan kommunen nekte å skrive attest
  • Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom ho fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar
  • Samanslåing av festegrunn kan berre skje dersom festekontraktane er likelydande og festegrunnane ligg på same grunneigedommen
Annan informasjon
Statens kartverk - tinglysingen

OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det fører til prioritetskollisjon mellom panthavarar. Det er heimelhavaren sitt ansvar å bringe dette i orden. Ta eventuelt kontakt med Tinglysinga hos Statens Kartverk, tlf. 32 11 88 00, dersom du ikkje har oversikt over dette. Kravet om samanslåing sender du til kommunen.

Søknaden sendes til
Interkommunalt plankontor, 3855 Treungen.
Behandling

Kommunen vurderer om vilkåra for samanslåing ligg føre og skriv ut ein attest dersom dei finn ut at forholda for samanslåing er til stades. Dersom heimelshavaren (som festar eller som eigar) krev to festegrunnar (festenummer) føyd saman, må vedkommande sende kopi av kravet til den / dei andre heimelshavarane. Desse får ein frist på to veker til å uttale seg. Krav om samanslåing bør ikkje sendast til tinglysingsmyndigheita før denne fristen på to veker er over. Det er kommunen som i eigedomsregisteret (matrikkelen) avgjer kva for bruksnummer/festenummer som skal stå og kva for nummer som skal settjast til historiske. Sei ifrå dersom du har ønske knytt til dette. Deretter vidaresender kommunen kravet ditt med attest til Tinglysinga hos Statens Kartverk. Dei avgjer om vilkåra for samanslåing er oppfylte og skriv i så fall inn samanslåinga i grunnboka.

Høve til å klage

Du kan klage dersom kommunen nektar samanslåinga. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli tatt til følgje.

Sist oppdatert:  10.01.2014

KONTAKTINFORMASJON

Interkommunalt plankontor for Nissedal og Kviteseid
Telefon:  35048400
Telefaks:  35048410
E-post: 
info@nissedal.kommune.no
Postadresse: 
Nissedal kommune, 3855 Treungen
Besøksadresse:  
3855 Treungen
Opningstid: 
7.45 - 15.30 (15.00). (Byggesaksbehandlararne er ikkje tilgjengeleg for tilfeldige telefonar/besøk kvar tysdag).

Kontaktpersonar: 

Torill  Lohne
Avdelingsingeniør
Telefon:  35048440
Telefaks:  35048410
Send e-post 

Bjarne  Underdal
Oppmålingsingeniør
Telefon:  35048432
Telefaks:  35048410
Send e-post 

Asgeir  Solberg
Oppmålingsingeniør
Telefon:  35048434
Send e-post