Freda bygningar og anlegg - løyve til inngrep
Generelt
Ordinært vedlikehald på freda bygning eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene med mindre fredingsføresegnene til eigedommen seier noko anna. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene. Tiltak som er meir omfattande enn ordinært vedlikehald, krev dispensasjon frå kulturminnelova dersom det ikkje er sagt noko anna i fredingsføresegnene. Alle middelalderbygningar og ståande byggverk eldre enn 1650 er automatisk freda. I tillegg er om lag 4500 bygningar freda av Riksantikvaren. Ca. 60 % av desse er i privat eige. Når det gjeld kostnader til å setje i stand og halde ved like eigedommen, er dette utgifter som i utgangspunktet eigaren må bere sjølv, anten eigedommen er freda eller ikkje. For vedlikehald av freda bygning kan det likevel gjevast tilskott.
Målgruppe
Eigarar og brukarar/forvaltarar av freda bygningar og anlegg som vil setje i gang tiltak som går ut over vanleg vedlikehald.
Kriterier/Vilkår
Dispensasjon kan bare bli gjeven til tiltak som ikkje går ut over føremålet med fredinga, og som ikkje fører med seg vesentlege inngrep i det freda bygget eller det freda anlegget. Døme på tiltak som kan krevje dispensasjon, er skifting av kledning, vindauge eller tak.
Annan informasjonRiksantikvarenOM SØKNADSPROSESSENRettleiing
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen vil kunne hjelpe til med råd når det gjeld utforming av tiltaket, metodar og materialval.
Vedlegg
Forklaring av planen/tiltaket med tekst og kart/teikning
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Kontakt fylkeskommunen når det gjeld søknadsfrist om økonomisk kompensasjon.
Søknaden sendes til
Kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen.
Behandling
Fylkeskommunen gjennomfører synfaringar/registreringar dersom dette er nødvendig. Fylkeskommunen gjer sitt vedtak, og gjev løyve eller avslag. I vedtaket kan det bli sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, knytta til til dømes materialbruk og metodar. Dersom det blir sett vilkår som gjer arbeidet dyrare, har du krav på økonomisk kompensasjon, heilt eller delvis. Du kan søkje om støtte til dette.
Saksbehandlingstid
Fylkeskommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til fylkeskommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom fylkeskommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Riksantikvaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Sist oppdatert:
27.12.2012
KONTAKTINFORMASJONInterkommunalt plankontor for Kviteseid og NissedalTelefon:
35 04 84 00
Telefaks:
35 04 84 10
E-post:
info@nissedal.kommune.noPostadresse:
Interkommunalt plankontor
3855 Treungen
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN
Opningstid:
7.45 - 15.30 (15.00). (Stengt kvar tysdag for besøkande og inngåande telefonsamtalar).
Kontaktpersonar:
Bjørn Vidar
StorkåsAvdelingsingeniør - byggesaker
Telefon:
35048431
Mobil:
90609319
Telefaks:
35048410
Send e-post
Peter
HolskarAvdelingsingeniør - byggesaker
Telefon:
35048421
Telefaks:
35048410
Send e-post