Førehandskonferanse for byggherre
GenereltFørehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halde før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.
MålgruppeAlle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova
Kriterier/VilkårKommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førrhandskonferanse.
Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.
Annan informasjonByggesak
Direktoratet for byggkvalitetOM SØKNADSPROSESSENRettleiingTa kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det.
Sist oppdatert:
27.12.2012
KONTAKTINFORMASJONInterkommunalt plankontor for Kviteseid og NissedalTelefon:
35 04 84 00
Telefaks:
35 04 84 10
E-post:
info@nissedal.kommune.noPostadresse:
Interkommunalt plankontor
3855 Treungen
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN
Opningstid:
7.45 - 15.30 (15.00). (Stengt kvar tysdag for besøkande og inngåande telefonsamtalar).
Kontaktpersonar:
Bjørn Vidar
StorkåsAvdelingsingeniør - byggesaker
Telefon:
35048431
Mobil:
90609319
Telefaks:
35048410
Send e-post
Peter
HolskarAvdelingsingeniør - byggesaker
Telefon:
35048421
Telefaks:
35048410
Send e-post