Trus- og livssynssamfunn - tilskott
Generelt
Registrerte trus- og livssynssamfunn kan krevje statleg og kommunalt tilskott. Det kommunale tilskottet blir rekna ut på grunnlag av kommunen sitt budsjetterte utlegg til Den norske kyrkja, fordelt på kvart statskyrkjemedlem i kommunen. Søknad om kommunalt og statleg tilskott sendast samla.
Målgruppe
Trus- og livssynssamfunn
Kriterier/Vilkår
For å ha rett til kommunal støtte må trus- eller livssynssamfunnet ha rett til statleg støtte. Det er Fylkesmannen som avgjer om eit trus- eller livssynssamfunn har rett til det statlege tilskottet. Ein kan berre krevje tilskott for medlemmer som ikkje samstundes høyrer til Den norske kyrkja eller eit anna trus- eller livssynssamfunn som får tilskott. Tilskott til trussamfunn skal gå til religiøse føremål. Tilskott til livssynssamfunn skal gå til føremål som fell inn under virket som livssynssamfunn.
Viktige samarbeidspartnarar
Samarbeidsrådet for trus- og livssynssamfunn
OM SØKNADSPROSESSENRettleiing
Leiaren for det styrande organet til trus- eller livssynssamfunnet sender ein skriftleg søknad.
Vedlegg
-
Organisasjonsnummer frå Einingsregisteret (meir informasjon får du frå Brønnøysundregistra, tlf: 75 00 75 00)
-
Rekneskap og årsmelding frå ev. føregåande tilskottsår
-
Oversikt over fødselsnummer for alle medlemmer med rett til tilskott. For samfunn med meir enn 100 medlemmer skal oversikten liggje føre digitalt på diskett eller CD-rom
Søknadsfrist
Innan 1. april for det året det blir søkt om støtte for
Søknaden sendes til
Søknaden om statleg og kommunalt tilskott skal ikkje sendast til kommunen, men til Fylkesmannen i det fylket der samfunnet har hovudsetet sitt.
Behandling
Fylkesmannen vidaresender medlemsoversikt med fødselsnummer til Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra kontrollerer alle fødselsnumra opp mot det sentrale folkeregisteret. Det vil berre bli utbetalt tilskott for medlemmer med gyldig fødselsnummer.
Høve til å klage
Organisasjonen kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå vedtaket blei mottatt. Klaga skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal det førast opp kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Fylkesmannen behandlar klager over kommunale vedtak om tilskott. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.
Sist oppdatert:
04.01.2013