Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Kommunal planlegging - medverknad


Generelt

Du har rett til å uttale deg i saker som gjeld kommunal planlegging. Kommunen skal arbeide for å få størst mogleg offentlegheit og reell medverknad i planarbeidet. Særleg har kommunen eit ansvar for å sørgje for å få innspel frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, slik som barn og unge. Tidleg i planprosessen bør kommunen bestemme korleis denne medverknaden skal skje.

Kommunen skal utarbeide desse planane:

  • Kommunal planstrategi (strategiske val knytta til samfunnsutviklinga)
  • Kommuneplan (overordna plan for utvikling av kommunesamfunnet og for bruk og vern av areal i kommunen)
  • Reguleringsplan (arealplankart med avgjerder som fastlegg bruk og vern i bestemte område)
Målgruppe

Alle som blir berørte av dei planane som blir utarbeidde, slik som organisasjonar, brukargrupper, næringsliv og enkeltpersonar.

Viktige samarbeidspartnarar

Planforslag skal alltid leggjast fram for dei offentlige organa som forslaget gjeld, som skal gi nødvendig informasjon som har noko å seie for planarbeidet.

Liste over viktige samarbeidspartnarar som bør varslast i planprosessar. (I nokre saker kan enkelte av desse vere uaktuelle, men det må vurderast frå sak til sak.)

  • Fylkesmannen i Telemark
    Postboks 2603, 3702 SKIEN
  • Telemark fylkeskommune
    Postboks 2844,3702 SKIEN
  • Statens vegvesen region sør
    Serviceboks 723, 4808 ARENDAL
  • NVE region sør
    Postboks 2124,3103 TØNSBERG
  • Mattilsynet
    Postboks 383, 2381 BRUMUNDDAL
  • Villreinnemnda for Setesdalområdet v/Åseral kommune, 4540 ÅSERAL
  • Naturvernforbundet i Telemark
    Vetle Mules veg 16, 3944 PORSGRUNN
  • Telemark turistforening v/Jon Ingebretsen
    3853 VRÅDAL
  • VTK
    3891 HØYDALSMO
  • Agder Energi AS
    Postboks 603 Lundsiden, 4606 KRISTIANSAND
  • IATA IKS
    Langmoen, 3855 TREUNGEN
  • Renovest IKS
    Ordalsvegen 63, 3850 KVITESEID
  • Aktuelle nabokommunar
  • Aktuelle næringsorganisasjonar
  • Lokale vellag, frivillige organisasjonar etc.

Merknader:

  • Villreinnemnda skal ha alle arealsaker innom villreinområdet Våmur-Roan til uttale, elles ikkje.
  • Renovasjonsselskapet Renovest IKS kan vere aktuell høyringspart for planar i Kviteseid, IATA IKS for planar i Nissedal.
  • VTK eig mykje av linenettet i Kviteseid og Nissedal, Agder Energi i den sørlege delen av Nissedal.

 

Behandling

Forslaget til kommunal planstrategi skal gjerast offentleg minst 30 dagar før behandlinga i kommunestyret. Kommunen skal sende forslag til kommuneplan og reguleringsplan på høyring til statlege, regionale og kommunale organ og til ulike organisasjonar og institusjonar som forslaget har noko å seie for. Minst eitt eksemplar av planforslaget skal vere fysisk lett tilgjengeleg, slik at alle kan setje seg inn i det. Forslaget skal også gjerast tilgjengeleg elektronisk. Det blir gitt ein frist for å uttale seg. 

  • Kommuneplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending til arealdelen i kommuneplanen er minst seks veker
  • Reguleringsplan: Frist for å gi uttale eller fremje innvending er minst seks veker

Innvending kan berre fremjast av offentlege styresmakter.

Høve til å klage

Det er ikkje høve til å klage på planstrategi eller kommuneplan som kommunen har vedteke. Du kan derimot klage på reguleringsplanen som kommunen har vedteke, dersom saka gjeld deg direkte eller dersom planen får følgjer for dine interesser. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom vedtaket i kommunen blir ståande, blir saka sendt vidare til fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Sist oppdatert:  10.01.2014

KONTAKTINFORMASJON

Interkommunalt plankontor for Nissedal og Kviteseid
Telefon:  35048400
Telefaks:  35048410
E-post: 
info@nissedal.kommune.no
Postadresse: 
Nissedal kommune, 3855 Treungen
Besøksadresse:  
3855 Treungen
Opningstid: 
7.45 - 15.30 (15.00)

Kontaktpersonar: 

Sveinung  Seljås
Plansjef
Telefon:  35048430
Telefaks:  35048410
Send e-post