Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Vald - godkjenning


Generelt

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengjande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Forvaltninga av elg:
er eitt samarbeid mellom rettighetshaverane og kommunen. I Kviteseid er kommunen inndelt i 9 vald, der valda lagar bestandsplanar. I Nissedal kommune er over 97% av arealet organisert gjennom Nissedal Viltlag. Viltlaget har fått godkjent bestandsplan for 3 år. Alle vald med godkjent bestandsplan får tildelt kvote etter §14 i hjorteviltforskriftene. I tilleg er det 3 jaktlag i Nissedal som får tildelt kvote etter § 15 i hjorteviltforskriftene.

Fellingsresultat og statistikkar finn du ved å gå inn på linken nedanfor.
Hjorteviltregisteret.

Forvatning av hjort:
 er organisert på same måte som elgforvaltninga. Kviteseid kommune er delt inn i 9 vald, her er minstearealet for å få tildelt kvote er 5 000 da. I Nissedal er minstearealet 30 000 da

Valda har ikkje utarbeid bestansplanar for forvaltinga, Tildeling av kvote skjer derfor etter § 15 om målretta avskyting etter forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever.

Forvaltninga av bever:
 er i store trekk overført til grunneigarane sjølve.

Forskrift om tildelingsgrunnlag for jakt etter bever i Kviteseid kommune, fastlagt av Fylkesmannen i Telemark den 24.juli 1998 med hjemmel i lov om viltet av 29. mai 1981 nr 38. § 16, og forskrift av 1 september 1997 nr 999 om forvaltning av bever

"§ 7. For jakt etter bever i Kviteseid kommune skal fellingstillatelser fordeles etter tellande areal . Jakttida for bever er frå og med 1. oktober til og med 30. april.
Kommunen tilldelar fellingsløyv etter søknad frå jaktrettshaver.
Til fangst etter bever er det bare lovleg med Connibear nr 330/2 eller Northwood nr 300/2. Eller slagfeller med tilsvarende slagkraft. Fellene skal settast under vatn. Fangstreskap som er utplasert skal merkast med brukerens navn og adresse. "

 

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Kriterier/Vilkår

Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Annan informasjon
Forvaltning av hjortevilt

OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Du må sende skriftleg søknad med

  • opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • kart som viser grensene for valdet 
  • oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom 
  • oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane 
  • skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet 
  • namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet

Du kan òg nytte skjemaet under.

Søknadsfrist

1. mai for elg, hjort og rådyr og 15. mai for villrein

Søknaden sendes til

Kommunen godkjenner vald for jakt på elg, hjort og rådyr. Søknader om godkjenning av vald som omfattar fleire kommunar, skal sendast til den kommunen der det største teljande arealet ligg. Villreinnemnda godkjenner vald for jakt på villrein.  

Behandling

Kommunen/villreinnemnda skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen/villreinnemnda før klagefristen for vedtaket ender.

Saksbehandlingstid

Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Miljødirektoratet for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Sist oppdatert:  17.02.2014

KONTAKTINFORMASJON

Eining for samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon:  35 06 81 12
Telefaks:  35 06 81 01
E-post: 
torunn.rue@kviteseid.kommune.no
Postadresse: 
Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
Besøksadresse:  
Kommunehuset Kviteseidgata 13

Kontaktpersonar: 

Magne  Skarprud
Telefon:  35 06 81 23
Mobil:  908 95 428
Send e-post