Motorferdsel i utmark og vassdrag
Generelt
Har du behov for å nytte motorkøyretøy, motorfartøy eller luftfartøy i utmark og vassdrag til føremål som ikkje er offentleg godkjende nytteføremål, må du søkje kommunen om fullmakt. Motorferdsel i utmark og vassdrag er regulert med sikte på å verne om naturmiljøet og å auke trivselen. I hovudsak er bruk av motorkøyretøy til til dømes redningsteneste, jord- og skogbruksnæring og faste bustader tillate etter lova, medan for ferdsel til andre føremål må du ha fullmakt frå kommunen. Merk at du ikkje kan få løyve til turkøyring (sjå unntak for Finnmark og Nord-Troms).
Kriterier/Vilkår
Du må søkje om godkjenning for å bruke motorfartøy eller luftfartøy til dei føremåla som er spesielt lista opp (sjå lenkje til forskrift nedanfor). Det gjeld til dømes bruk av snøskuter
-
når fastbuande vil ta på seg køyreoppdrag (transport av funksjonshemma, transport av ved, tilsyn av privat hytte o.a.)
-
når hytteeigar vil transportere bagasje og utstyr mellom bilveg og hytte
-
når institusjonar eller ideelle organisasjonar har gruppeturar for bebuarar, pensjonistar eller funksjonshemma
I unntakstilfelle og når det ligg føre særskilte grunnar, kan kommunen gje løyve til motorferdsel som er knytta til føremål som forskrifta ikke nemner spesielt. Du må ha eit særskilt behov som ikkje kan bli dekt på annan måte, og som ikkje er knytta til turkøyring. Kommunen vil gjere ei konkret vurdering. Behovet ditt blir vurdert mot moglege skadar og ulemper. Det skal mykje til før ein kan gje ein slik dispensasjon. Generelt er det vanskelegare å få dispensasjon for å køyre på barmark enn på snødekt mark. Før det blir gjort vedtak som har innverknad på naturmangfaldet, skal kommunen òg vurdere ein del miljørettslege prinsipp (sjå naturmangfaldlova).
OM SØKNADSPROSESSENRettleiing
Kommunen (eller Fylkesmannen) gjev informasjon om kva som er tillate etter lov og forskrift, og kva ein må søkje om løyve til. Søknaden om dispensasjon må vere skriftleg. Behovet må vere dokumentert og innehalde alle dei opplysningane som kommunen treng for å kunne ta stilling til søknaden.
Vedlegg
-
Ved transport av funksjonshemma må ein leggje ved legeattest
-
Ved transport til hytte må ein dokumentere eigarforholdet
-
Kart som viser køyretraseen
-
Eventuell dokumentasjon av særlege behov
Søknadsfrist
Søknaden må sendast i god tid.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Sist oppdatert:
27.02.2013
KONTAKTINFORMASJONEining for samfunnsutvikling og teknisk driftTelefon:
35 06 81 22
Telefaks:
35 06 81 01
E-post:
torunn.rue@kviteseid.kommune.noPostadresse:
Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID
Besøksadresse:
Kommunehuset
Kviteseidgata 13
Kontaktpersonar:
Magne
SkarprudMiljø- og utmarkskonsulent
Telefon:
35 06 81 23
Mobil:
908 95 248
Send e-post