Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket - tilskott


Generelt

Du kan søkje om tilskott til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Tilskottet kan du få til

  • skogkultur
  • vegbygging
  • miljøtiltak i skog
  • utdrift av skogsvirke med taubane, hest, osb.
  • andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen blir tatt vare på og vidareutvikla.

Målgruppe

Skogeigarar

Kriterier/Vilkår

Du har meir enn 10 daa produktiv skog. Tilskott til utdrift av skogsvirke til energiflis og til andre aktivitetsfremjande tiltak (sjå ovanfor) kan òg gjevast til

  • skogeigarar som har mindre enn 10 daa produktiv skog
  • eigarar som har landbrukseigedommar utan produktiv skog
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Søknad om tilskott til skogkultur, vegbygging, miljøtiltak i skog eller utdrift av skogsvirke til energiflis skrivast på skjema utarbeidd av Landbruksdirektoratet. Ved søknad om tilskott til drift med taubane, hest, o.a., ta kontakt med Fylkesmannen for å få meir informasjon. For andre tiltak i skogbruket, ta kontakt med kommunen.

Skjema

Skjema SLF-920 og SLF-909

Behandling

Fylkesmannen gjer vedtak om tilskott til

  • vegbygging 
  • tynning og drift av skogsvirke med taubane, hest, o.a.
  • utdrift av skogsvirke til energiflis 

Elles er det kommunen som er vedtaksmyndigheit.

Saksbehandlingstid

Kommunen/Fylkesmannen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Sist oppdatert:  15.01.2014

KONTAKTINFORMASJON

Eining for samfunnsutvikling og teknisk drift
Telefon:  35 06 81 12
Telefaks:  35 06 81 01
E-post: 
torunn.rue@kviteseid.kommune.no
Postadresse: 
Kviteseidgata 13 3850 KVITESEID
Besøksadresse:  
Kommunehuset Kviteseidgata 13