Skatteattest
Generelt
Skatteattest får du ved å vende deg til skatteoppkrevjaren i kommunen (eventuelt til skattekontoret regionalt). Før opp fødselsnummer og organisasjonsnummer (der dette finst). Attesten skal sendast seinast dagen etter at forespurnaden er mottatt.
Ein skatteattest er ein dokumentasjon på innbetalt meirverdiavgift og skatt og skal ikkje vere eldre enn seks månader. Som leverandør treng du skatteattest dersom du skal levere varer og tenester til stat eller kommune. Som oppdragsgjevar bør du be om skatteattest frå leverandørane dine dersom du ønskjer å framstå som ein seriøs kjøpar av varer og tenester.
Viktige samarbeidspartnarar
Skatteetaten organisert som skattekontor i fem regionar. Skattekontoret er ei samling av det tidlegare likningskontoret, skattefutkontoret og fylkesskattekontoret i éin organisasjon regionalt.
Skatteoppkrevjaren i kommunen og skattekontoret regionalt vil kunne gje fleire opplysningar om ordninga med skatteattestar.
Sist oppdatert:
18.02.2013
KONTAKTINFORMASJONSkattekontoret for Kviteseid og NissedalTelefon:
35 06 81 41
Telefaks:
35 06 81 01
E-post:
rune.romnes@kviteseid.kommune.noPostadresse:
Kviteseidgata 13
3850 KVITESEID
Besøksadresse:
Kommunehuset
Kviteseidgata 13
Kontaktpersonar:
Kristi
SkareTelefon:
35 06 81 43
Send e-post