Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Elevar - det psykososiale arbeidsmiljøet


Generelt

Alle elevar i skulen har rett til eit godt psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje, varsle og eventuelt gripe inn dersom dei får kjennskap til eller mistanke om mobbing, vald, rasisme eller anna krenkjande åtferd. Skulen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det psykososiale miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.

Målgruppe
  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga
Annan informasjon
Manifest mot mobbing 2011-2014
Tips mot mobbing - informasjon om dvd og plakat
mobbing.dubestemmer.no

OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det psykososiale miljøet.

Elevar og føresette kan ta opp saker om dette i dei ulike rådsorgana (elevrådet, samarbeidsutvalet, skulemiljøutvalet og foreldrearbeidsutvalet).

Saksbehandlingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skulen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer eit vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skulen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.

Sist oppdatert:  11.01.2013

KONTAKTINFORMASJON

Nissedal kommune eining for skule
Telefaks:  35 04 84 10
Postadresse: 
Kommunehuset 3855 TREUNGEN
Besøksadresse:  
3855 TREUNGEN

Kontaktpersonar: 

Reidun Carol  Retterholt
Rektor Tveit skule/Nissedal ungdomssk
Telefon:  35048482
Mobil:  95921972
Send e-post 

Even  Holskar
Rektor Kyrkjebygda skule
Telefon:  35048464
Mobil:  47301017
Send e-post 

Anne-Nora Oma  Dahle
Rektor Fjone skule
Telefon:  35048468
Mobil:  41317819
Telefaks:  35048410
Send e-post