Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Familiebarnehage - etablering og drift


Generelt

Er det mange små born som ventar på barnehageplass der du bur? Ønskjer du å starte ein familiebarnehage? Før ein familiebarnehage blir sett i drift, må du ha godkjenning frå kommunen når det gjeld pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.

Ein familiebarnehage er ei barnehageform der borna får eit tilbod i private heimar. Han eignar seg best for born under tre år. Du kan anten arbeide der sjølv eller tilsetje ein assistent og pedagogisk rettleiar og sjølv vere ute i arbeid. Du må lage vedtekter for verksemda.

Målgruppe

Personar som har lyst til å starte ein familiebarnehage.

Kriterier/Vilkår
  • Du må ha ein romsleg bustad der det er plass til barneleik
  • Ein assistent utfører det daglege arbeidet
  • Ein førskolelærar er styrar og gjev pedagogisk rettleiing kvar veke (1,25 timar per barn per veke)
  • Etter forskrift om familiebarnehagar vil ein heim normalt kunne bli godkjend for maksimalt fem barn over tre år som er til stades samstundes. Er fleirtalet av borna under tre år, må du redusere talet.
  • Etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skular treng du godkjenning frå kommunen dersom opphaldstida per veke er på meir enn ti timar og talet på born som er til stades samstundes, er tre eller fleire (sjølv om to av borna skulle vere dine eigne)
  • Familiebarnehagen vil få godtgjering for drifta. Drifta blir finansiert med foreldrebetaling og offentleg tilskot
  • Den som er ansvarleg for bygget eller den daglege drifta, må sørgje for at det blir utført ei radonmåling (frå 1.1.2014)
Viktige samarbeidspartnarar

Folkehelsemyndigheitene, plan- og bygningsmyndigheitene, brannvesenet, Arbeidstilsynet

Annan informasjon
Radon i skoler og barnehager
Etablere barnehage - hjemmeside

OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Kontakt kommunen for å få fleire opplysningar og søknadsskjema. Avtal tid for synfaring i heimen din. Kommunen må òg godkjenne lokala.

Behandling

Kommunen kjenner til behovet for barnehageplassar i nærmiljøet og eventuelle barnehagar du kan samarbeide med, og kan hjelpe deg med å rekruttere ein pedagogisk rettleiar. Barnehagen kan opne når godkjenning, tilsetjing og vedtektene er i orden.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom kommunen ikkje kan gjere vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaken til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du har fått vedtaket. Klagen sender du til den instansen i kommunen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du klagar over, og kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Sist oppdatert:  10.01.2014