Heimesjukepleie
Generelt
Heimesjukepleien gjev pleie og omsorg til sjuke og funksjonshemma i eigen heim. Slik reduserast behovet for ein sjukeheimsplass. Tenesta kan til eksempel inkludere sårbehandling, personleg stell og medikamenthandtering.
Pris
Tenesta er gratis.
Kriterier/Vilkår
Det er behovet ditt som avgjer om du vil kunne få tenesta.
Annan informasjonPasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenestenHåndbok om helse- og sosialtjenesten i kommunenVedlegg
Du må leggje ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.
Behandling
Før saka kan bli avgjort, vil vi kartleggje ønskja og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt dekkjer.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.
Høve til å klage
Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukarrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.
Sist oppdatert:
21.12.2012