Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Pasient- og brukarombodet


Generelt

Du kan kontakte pasient- og brukarombodet dersom du er misnøgd med den hjelpa du har fått på sjukehuset eller av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Ta òg kontakt dersom du meiner at du ikkje får oppfylt rettane dine som pasient, brukar eller pårørande eller du treng rettleiing. Ombodet kan gi deg informasjon om rettane dine, hjelpe deg med å formulere ei klage eller vidaresende klaga di til rett adressat.

Pasient- og brukarombodet har teieplikt og er sjølvstendig og uavhengig.

Målgruppe

Alle kan vende seg til pasient- og brukarombodet, uavhengig av om dei mottar sjukehusbehandling eller kommunale helse- og omsorgstenester.

Pris

Hjelpa er gratis.


Kriterier/Vilkår

Arbeidsområdet til pasient- og brukarombodet er statlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og omsorgstenester.

Viktige samarbeidspartnarar

Pasientombodet i Telemark

Annan informasjon

Meir om ordninga finn du i lenkja under. Der finn du òg kontaktinformasjon til pasient- og brukarombodet i fylket.


Pasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten
Pasient- og brukerombudet

OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Ta kontakt med pasient- og brukarombodet i fylket. Du kan vende deg dit anonymt dersom du ønskjer det. Ombodet gir deg råd om kva du bør gjere, men du avgjer sjølv om du vil gå vidare med saka di.

Behandling

Pasient- og brukarombodet avgjer sjølv om framlegget ditt gir tilstrekkeleg grunn til å behandle saka. Dersom ombodet vel å ikkje gjere noko med saka, skal du få ei kort grunngjeving for kvifor.

Sist oppdatert:  10.01.2014