Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Serveringsløyve


Generelt

Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i næringssamanheng, må søkje kommunen om serveringsløyve. Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstad der forholda ligg til rette for at det blir spist/drukke på staden.

Endringar i løyve skjer ofte fleire gonger i løpet av løyveperioden. Dette kan skje til dømes ved skifte av dagleg leiar, endringar i driftskonsept og endringar i eigarforholda. Slike endringar krev ofte ny godkjenning, eventuelt nytt løyve.

Dersom serveringsstaden blir tatt over av ein annan, fell serveringsløyvet bort dersom det ikkje blir søkt om løyve innan 30 dagar etter at det blei inngått avtale om overdraging.

Kriterier/Vilkår

Dagleg leiar for serveringsstaden må klare ein etablerarprøve for å dokumentere nødvendige kunnskapar om økonomistyring og om lovgiving. 

Løyvesøkjaren, dagleg leiar og personar som har vesentleg innverknad på verksemda, må ha utvist ulasteleg vandel.

Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå mellom anna dei kommunale bygningsmyndigheitene for å kunne drive serveringsverksemd i ein bygning. Det må til dømes liggje føre godkjend bruksendring dersom bygningen er regulert til andre føremål, og krav til parkeringsplassar må vere oppfylte.

Viktige samarbeidspartnarar
  • Lensmann/politi
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene
  • Tollmyndigheitene
  • Mattilsynet
  • Arbeidstilsynet
OM SØKNADSPROSESSEN
Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å rettleiing. Søknaden skal vere skriftleg og innehalde desse opplysningane: 

  1. Namn og adresse på den som skal drive serveringsstaden. Dersom det er ein juridisk person som skal drive serveringsstaden, skal det også opplysast om organisasjonsnummer og eigarsamansetjing 
  2. Opplysning om staden der serveringsstaden skal drivast 
  3. Namn og adresse på dagleg leiar
  4. Dokumentasjon av faglege kvalifikasjonar 
  5. Skatteattest for den som skal drive serveringsstaden
Skjema

Elektronisk søknadskjema

Vedlegg
  • Dokumentasjon på at etablererprøva er bestått
  • Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret

I tillegg kan kommunen, om han meiner det er påkravd, krevje at det blir lagt fram

  • leigekontrakt
  • finansieringsplan
  • driftsbudsjett
  • likviditetsbudsjett
Behandling

Når søknaden er motteken i kommunen, skal det hentast inn fråsegn frå politiet. Kommunen kan også hente inn opplysningar frå skatte- og avgiftsmyndigheitene og frå andre offentlege myndigheiter. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingstida er normalt 3 veker.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Sist oppdatert:  10.01.2014

KONTAKTINFORMASJON

Nissedal kommune - rådmannen
Telefaks:  35 04 84 10
Postadresse: 
Kommunehuset 3855 TREUNGEN
Besøksadresse:  
3855 TREUNGEN

Kontaktpersonar: 

Sverre  Sæter
Rådmann
Telefon:  35048402
Mobil:  99340862
Telefaks:  35048410
Send e-post