Omsorgsovertaking av eit barn
Generelt
Det offentlege overtar omsorgen for eit barn når foreldra på ein eller annan måte ikkje har kunna gje god nok omsorg til barnet. Det må vere nødvendig å overta omsorgen ut frå den situasjonen barnet er i. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker gjer vedtak om omsorgsovertaking. Eit slikt vedtak kan ikkje gjerast dersom det kan skapast tilfredsstillande forhold for barnet ved hjelpetiltak.
Kort tid etter at dei har overteke omsorga for eit barn, skal barneverntenesta kontakte foreldra og tilby rettleiing og oppfølging. Barneverntenesta kan foreslå hjelpetiltak for å betre foreldra si omsorgsevne slik at ei framtidig tilbakeføring av barnet kan bli mogleg.
Foreldra kan krevje av vedtaket om omsorgsovertaking blir lagt fram for tingretten for rettsleg prøving.
Det kan oppnemnast ein talsperson for å sikre at barnet blir høyrt i saker som fylkesnemnda skal behandle. Talspersonen skal vere talerøyr for barnet, og skal vere uavhengig av barnevernstenesta og foreldra til barnet.
Kriterier/Vilkår
Kriterium for omsorgsovertaking kan vere
-
at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorgen som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter sin alder og utvikling
-
at foreldra ikkje sørgjer for at eit sykt eller funksjonshemma barn får dekt sitt særlege behov for behandling og opplæring
-
at barnet blir mishandla
Behandling
Den kommunale barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak. Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker, som er statleg, avgjer saka. Fylkesnemnda er eit domstolliknande organ som normalt blir leia av ein jurist. Nemnda er elles samansett av to sakkunnige medlemmer og to lekfolk.
Sist oppdatert:
18.02.2013
KONTAKTINFORMASJONBarnevernetTelefon:
35 05 54 00
Telefaks:
35 05 54 01
E-post:
post@vest-telemark.noPostadresse:
Garverivegen 8
3850 KVITESEID
Besøksadresse:
Garverivegen 8
KVITESEID
(Bankbygget)