Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bygging på campingplassar

Reglar for utnytting av areal rundt campingvogner på campingplassar. Vedteke i kommunestyre den 14.04.2011, sak 39/11.

1. Tiltak i tråd med vedtekne retningsliner skal i alle høve avklarast med campingplasseigar. Kvar enkelt campingplasseigar kan ha ”strengare” reglar enn det vedtektene tilseier.

2. Maksimal høgde på golv og terrasse må ikkje vere over 50 cm. Målt frå gjennomsnittleg terrenghøgde rundt golv/terrasse og til overkant golv/terrasse.

3. Det kan byggast levegg/skjermvegg med høgde inntil 1,80 meter i ei lengde på maksimalt 3,00 meter.

4. Det kan byggast rekkverk med maksimal høgde på 0,7 meter.

5. Standard fortelt i stoff kan settast opp. Tilbygg må tilpassast vogna i materialval, form, farge (Isocamp eller tilsvarande) og vere i sikker konstruksjon. Det er ikkje lov med eigenprodusert plassbygd tilbygg.

6. Det må settast strenge krav til utsjånad på det som gjerast rundt campingvognene. Dette vil vere campingplasseigar sitt ansvar å ettersjå.

BRANNVEDTEKTENE ER OVERORDNA DESSE REGLANE


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk