Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 19.05.2017Kontaktavdeling: Eining for teknisk drift Kontaktperson: Trine Aas

Vassmålaravlesing

Dei som har installert vassmålar i bustaden/hytta, vil få tilsendt SMS i slutten av desember. Dei som får avlesingskort, vil få kortet i posten rett etter nyttår. Hugs at vassmålaren må lesast av rundt nyttår.

Eit godt tips
Tips til deg som ikkje skal på hytta i jola eller nyttårshelga. Les av vassmålaren siste gong du er på hytta før jol. Lurt å ta bilde med mobilen/kamera av vassmålaren, så har du avlesinga lett tilgjengeleg.


På SMS
For å effektivisere innsamling av vassmålaravlesingar iht. reglement tar kommunen i bruk SMS-varsling.

Varsel vil bli sendt på SMS til mobiltelefonen din i dei tilfella der vi har registrert nummeret ditt eller ved at du har registrert deg i offentlege register.

Varslingssystemet er integrert i fagsystemet vårt for kommunale eigedomsgebyr, som gjer at kommunen raskt kan varsle rett person i forhold knytt til eigedomar i kommunen. Vi varslar eigarrepresentant og eller rekningsmottakar eller kontaktperson til eigedomen.

I samband med vassmålaravlesing har vi moglegheit til å overstyre utsendinga av SMS. Dvs vi vil for enkelte eigedomar kun sende ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der vi ikkje finn mobilnummer.

Ved feil
Viss du mottar ein sms som du meiner er sendt til feil mobilnummer, ber vi deg om ikkje å svare på denne. I tillegg må den som mottar ein feilsendt sms, sjekke opplysningane sine i dei offentlege registra og 1881.

Løysinga fungerar ikkje som ein innbyggjardialog. Det er inga manuell oppfølging.

Kan vi nå deg?
Det fins 2 ulike register ein kan velje å registrere seg i, for at vi skal nå deg (Her kan du også kontrollere om du allereie er registrert). I tillegg gjer vi eit siste forsøk ved å gjere oppslag på 1881.no

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon.
    I dette felles nasjonale kontaktregister tilrår vi å legge inn både mobiltelefon og e-postadresse då mykje av kontrakten med det offentlege vil gå føre seg her i framtida, på lik line med sjølvmelding som dykk kanskje er kjent med frå tidlegare.

  2. www.varslemeg.no
    Dette er eit tilleggsregister som er kun kopla opp mot Varsling24 og kommunens varslingssystem.

Bedrifter

Bedrifter må registrere nøkkelpersonar ved å gå inn på linken www.varslemeg.no då telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Kommunen vil ved neste utsending av varsel nytte det mobilnummeret du svara frå, eller evt. det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgir på svarslippen.

På papir
Får du avlesingskort tilsendt i posten kan du bruke leseav.no

For å levere vassmålaravlesing på leseav.no trengs koden som står på avlesingskortet.

Vassmålaravlesing på leseav.no


Avlesing på leseav.no må ein levere innan fristen, då linken er kun aktiv ein viss periode.

Nissedal kommune vil gjerne ha tilbakemelding om mobiltelefonnummeret ditt.

Du kan også sende avlesingskortet i posten til Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen.

Har du spørsmål, ta kontakt med Trine Aas på telefon 35 04 84 36 (mån., tys. og ons.) eller e-post trine.aas@nissedal.kommune.no


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk