Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Gravferd

  • Gravplass

    Generelt

    Alle som har bustad i kommunen, har rett til fri gravplass i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass.

    Etter at fredingstida er over, skal den som er ansvarleg for grava, få høve til å feste grava. Kistegraver kan festast saman til éin gravstad. I så fall er den grava som blir tatt i bruk først, fri grav i fredingsperioden. Ei anonym grav har ingen som er ansvarleg, og gravplasseringa er berre kjend for kyrkjegardsmyndigheitene. Fylkesmannen kan gi løyve til oskespreiing som eit alternativ til gravlegging på offentleg gravplass. Dersom gravstaden vil ha ein spesiell offentleg interesse, kan Fylkesmannen gi løyve til privat gravplass for å setje ned oskeurna. 

    Vilkår

    Fredingsperioden for ei grav er minimum 20 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida skal ikkje vere lenger enn 20 år. Festet kan likevel fornyast.

    Partnarar

    Kyrkjeleg fellesråd forvaltar gravplassane i kommunen, men det er kommunen som løyver pengane til drifta.

    Kontaktpersonar

    NavnTittelTelefonMobilTelefaksE-post
    Jon Inge NordbøDagleg leiar3504844390 16 16 71Send Epost

    Kontaktavdeling

    Fellesrådet

    Telefon35048400
    E-postpostmottak@nissedal.kommune.no
    PostadresseNissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen

    Lovar og retningsliner

  • Oskespreiing

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk