Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Stortings- og sametingsvalet 2017

Du har røysterett ved stortingsvalet viss du oppfyller vilkåra i vallova § 2-1.
Du må bl.a. stå i manntalet for stortingsvalet og vere fylt 18 år innan utgangen av 2017.

Tidlegrøysting 


  • Frå 01.07.17 t.o.m. 09.08.17 
  • Kvardagar mellom kl. 07.45 og kl. 15.00 på kommunehuset
  • Ta kontakt med resepsjonen på kommunehuset dersom du vil tidlegrøyste
  • Du kan tidlegrøyste i alle kommunar

Hugs å ta med gyldig legitimasjon.

Kontakt oss på telefon 35 04 84 00 eller på e-post: postmottak@nissedal.kommune.no


Førehandsrøysting

  • 10.08.17 t.o.m. 08.09.17 
  • Kvardagar mellom kl. 07.45 og kl. 15.00 på kommunehuset
  • 06.09.17 mellom kl. 10.00 og 12.00 på Nissedal omsorgssenter
  • Du kan førehandsrøyste i alle kommunar

Om du førehandsrøystar i ein annan kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere det så tidleg at stemma di kan nå fram til den rette kommunen innan 12. september kl. 17.00.

Ta gjerne med valkort. Har du ikkje fått valkortet innan 10.08., bør du ta kontakt med oss.

Hugs å ta med gyldig legitimasjon

Kontakt oss på telefon 35 04 84 00 eller på e-post: postmottak@nissedal.kommune.no


Særskild for sametingsvalet


  • Du må førehåndsrøyste om du er manntalsført i Nissedal kommune, og har røysterett til sametingsvalet
  • Hugs å røyste i god tid. Vi sender stemma di vidare til ein kommune som har oppteljing

Hugs legitimasjon, og ta helst med deg det tilsendte valkortet for sametingsvalet. Har du ikkje fått valkortet for sametingsvalet innan 10.08., bør du ta kontakt med Sametinget på telefon 78 47 40 00.


Røyste heime?

Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehåndsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg. 

Send ein søknad til Valstyret i Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen eller på e-post: postmottak@nissedal.kommune.no.

I søknaden må du oppgi fullt namn, fødelsdato- og år, og kva adresse du oppheld deg på den siste veka før valet.
Du må og oppgi eit telefonnummer vi kan nå deg på.

Kontakt oss på telefon 35 04 84 00 eller på e-post: postmottak@nissedal.kommune.no om du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å sende ein søknad

Søknadsfrist: 05.09.17


Valdagen for stortings- og sametingsvalet er 11. september frå kl. 13.00 til 20.00

Valkrins og røystestad:

  • Treungen krins - kommunehuset
  • Fjone krins - Fjone skule
  • Felle skule - Felle skule
  • Nordbygda krins - Kyrkjebygda oppvekstsenter

Merk: Det er ikkje sundagsval i Nissedal kommune. 

Hugs å ta med gyldig legitimasjon, og gjerne det tilsendte valkortet.

Kontakt oss på telefon 35 04 84 00 eller på e-post: postmottak@nissedal.kommune.no

Du finn meir informasjon her.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk