Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
  • Bygdeutviklingsmidlar

    Generelt

    Du kan søkje om investerings- og bedriftsutviklingsmidlar til

    • Etablering av ny verksemd
    • Bedriftsutvikling
    • Investeringar i produksjonsanlegg
    • Nedskriving av rentekostnader
    • Investeringar i økologisk fruktdyrking
    • Investeringar i samband med generasjonsskifte

    Midlane blir sette av i jordbruksavtalen. Dei skal leggje til rette for langsiktig og lønsam verdiskaping, bidra til sysselsetting, busetting og eit variert landbruk i alle delar av landet med utgangspunkt i ressursane i landbruket generelt og landbrukseigedomen spesielt.

    Målgruppe

    Eigar av landbrukseigedom eller registrert føretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket

    Vilkår

    Søknaden blir vurdert ut frå dei fylkesvise retningslinene som er utarbeidde av Innovasjon Noreg.

    Innovasjon Norge Telemark sine heimesider med kontaktinformasjon ligg her.

    Tenester og veg til elektronisk søknad for landbruket og tilleggsnæringar finn du her .

    Gjennom den regionale styringsplanen har Telemark mogleheit til, innanfor ramma av den sentrale BU-forskrifta, å gjere lokale tilpassingar.

    Regionalt næringsprogram for Telemark finn du her.

    E-søknader

    Det er berre mogleg å søke elektronisk.

    Kontaktavdeling

    Landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal

    LederRieber-Mohn, Peter
    Telefon35 06 81 22
    E-postpeter.rieber-mohn@kviteseid.kommune.no

    Lovar og retningsliner

     

     

     

    Søknadsprosessen

    Rettleiing

     

     

     

    Skjema

    Informasjon og søknadsskjema frå Innovasjon Norge

    Vedlegg

    Prosjektplan/forretningsplan

     

     

     

    Søknadsfrist

     

     

     

    Søknadmottakar

    Landbrukskontoret for Kviteseid og Nissedal

     

     

     

    Behandling

    Søknad om tilskot sender du til kommunen. Kommunen vil uttale seg om søknaden og vidaresende han til Innovasjon Noreg, som avgjer saka.

    Behandlingstid

    Innan éin månad etter at Innovasjon Noreg har motteke søknaden, skal du få eit mellombels svar der det går fram kven som er saksbehandlar, og kor lang saksbehandlingstid ein må rekne med.

     

     

     

    Høve til å klage

    Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til distriktskontoret til Innovasjon Noreg innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom Innovasjon Noreg lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i Innovasjon Noreg, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

    Merknadar

     

     

     

  • Dagmamma - godkjenning

  • Etablerarprøven for serveringsverksemd

  • Familiebarnehage - etablering og drift

  • Kommunalt næringsfond

  • Miljøfyrtårn - sertifisering

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk