Etter å ha passert Tveitsund bru i Treungen følgjer du Rv. 41 sørover i ca. 3,6 km.

Her skal du ta til høgre rett etter brua som gjeng over elva Fiskåna. Du kjem nå inn på ein grusveg med bom som går opp Ervedalen. Det anbefalast å ta med sykkel, da ein skal til vegs ende, ca. 8 km. Når du er ved vegens slutt har du komi til ei hytte, og ca. 100m før denne hytta går det ein merka traktorveg opp til høgre. Her frå er det jamn stigning i ca. 2 km før det flatar ut innover mot varden. Stien er godt merka med små vardar/ nyllingar. Frå du tek av grusvegen tek det ca. 1,5- 2 timar til toppen. Husk å stopp undervegs for å nyte utsikta utover den flotte Ervedalen. Ein kan også gå til Skulhomfjellet via Langfjell, men denne vegen er ikkje merka. 

Lengde: 3 timar
Merking: Dårleg