Frå Nissedal sentrum skal ein kjøre ca. 3,5 km nordover og ta til høgre mot Nordbø. Kjør rett fram opp bakkane i ca. 1 km og ta til høgre igjen. Følg vegen rett fram i ca. 6 km inn til Støylane, og parker her.  Ved enden av vegen skal ein ta til venstre. Følg traktorslepa til du får Bjønndalstjønn på venstre side. Ved enden av vatnet kan ein sjå ei seter på andre sida av vatnet. Her skal du ta til høgre, og følge vegen vidare til du kjem til Måvatnet og Måvassdammen (Måvasshytta på kartet). 
Vegen inn til Støylane er bomveg. Ein kan betale med VIPPS.