Folkestien er 5,1 km lang rundløype

Start: Parkeringsplassen ved Nissedal kyrkje i Kyrkjebygda. (Kyrkjebygda ligg omlag midt mellom Vrådal og Treungen.)
Informasjonstavle med kart-brosjyrer ved innkøyringa til kyrkja.
Ein del av stien går på bygdeveg forbi kyrkja, gjennom Framnes-feltet, før ein går inn i eit skogområde i lia aust for sentrum. Her går ein i fin, gamal skog, forbi fleire husmannsplassar. Turen går vidare til og over Torgrimsfjell, med fint utsyn over Nisser. Deretter ned lia mot Bakka, ut på bygdevegen og ned til kyrkja igjen. Turvegen går gjennom beiteområde for sau, så turgåarane må vere flinke til å stenge grindene etter seg.

Ein Folkesti er ein tursti som skal motivere folk i alle aldrar til å mosjonere for helse og velvære. Det spesielle med Folkestiane er at kvar heile eller halve kilometer er merka med skilt. Ved å telje kor mange skilt du passerer, kan du vite kor lang strekning du har gått.

Arbeidet med å etablerer Folkestiar er eit internasjonalt prosjekt, sett i gang av den irske hjarteforeininga i 1996. I dag finst det folkestiar i Europa, Amerika og Australia. I Nissedal er det Nissedal Helselag som har stått i bresjen for å etablere ein Folkesti i Kyrkjebygda. 
 

Lengde: 1 time
Merking: God

Sjå kartplassering her