Skornetten ligg på Kyrkjebygdheia

Last ned kart her

Køyr opp mot Grimstveit/kyrkjebygdheia rett ved kyrkja i Nissedal og følg vegen til kyrkjebygdheia ca. 9 km.

(Bomveg, 60,- tar kun kort, ikkje kontanter) Etter ca 8 km kjem du på "toppen" av kyrkjebygdheia. Følg vegen ca 1 km til, du vil då sjå eit skilt inn til høgre merka “Sylvtjønn”. Følg vegen forbi ei raud grillhytte og vidare innover. Der vegen deler seg tar du mot høgre og køyrer ca 500 m. Der er det ein parkeringsplass. Stien starter i enden av parkeringa.
Følg så stien og kloppene mot toppen. Ein vil stort sett heile tida sjå ein topp til høgre og rett til venstre for den ligg ein stor flott varde. Er merka litt med raudt og litt med småvarder undervegs. 
Turen tar ca. 1 time til toppen. Ikkje bratt og flott tur for born. Ca. 6 km t/r.

Lengde: 1-2 timar
Merking: God