Last ned kart her

Herfrå kan ein sjå dei fleste toppane i kommunen. Det er ingen merka sti hit. Ein kan gå frå Tveit og fylgje sti opp Gjuvine eller ein kan gå på Russlikollen og vidare opp på Hågefjell. Frå Sollivegen til Russlikollen er det nå fin sti. Vidare må du finne vegen sjølv. Varden på Hågefjell har i seinare tid rast ned. Kassa som Treungen IL har satt opp står godt plassert mellom steinane. Her kan det nemleg vere ganske værhardt. Har du fyrst kome deg opp på denne toppen kan du godt gå vidare til neste topp. Russlikollen, Gjeruvsknatten og Hjasus ser du godt frå Hågefjell.

Lengde: 4-5 timar
Merking: dårleg