Last ned kart her

Ein kan gå fleire vegar for å kome seg hit. I svingen ved Sollivegen 125 går det ein sti opp på høgre side av vegen. Følg denne mot venstre. Dette er den gamle kyrkjevegen. Etter nokre 100 meter går stien bratt oppover mot høgre. Her står eit lite skilt. Herfrå er det tydeleg sti heilt til toppen av Russlikollen. Stien går gjennom skogsterreng heile turen. Ein kan også gå til Russlikollen frå Tveit. Frå garden Jordet fylgjer du sti opp Gjuvine. Etter ca ein km går det sti merka med blåe band mot venstre. Her er ei ny bru over Gjuvåna. Gå over brua og fortsett opp bakkane mot Russlikollen. På toppen er det fin furuskog. Det er ein liten varde og kasse med bok på eit furutre. Det er Treungen IL som har satt opp kassa. Hvis du vil kan turen til Russlikollen leggas opp som ein rundtur opp Sollivegen, ned ved Gjuvine og ned sti til høgre på toppen av Treungen alpinbakke. Her kjem du inn på den gamle kyrkjevegen att. Følg denne nedover. Her er også ei ny bru over åna. Litt etter denne er du tilbake i Sollivegen. 
Har du lyst på ein endå lengre tur kan du godt gå vidare til Hågefjell eller Gjeruvsknatten frå Russlikollen. Her det ingen merka sti, men greit å finne fram om du har med kart. Turen opp er i underkant av 2km, men her er bratt. Dei sprekaste spring på under 20 min. På ein time har du god tid til toppen.

Lengde: 1-2 timar tur/ retur
Merking: Delvis merka