Last ned kart her

Nisserstien startar i Tveitsund (Treungen sentrum) og går nordover langs Nisser til Lia. Totalt er turen 6km. På vegen kjem ein oppom Røyråsen. Dette er kanskje den mest besøkte toppen i kommunen. Kanskje ikkje så rart da den ligg fint til. Her er brei sti og klopper over dei blaute områda. Stien er godt merka. Det er heller ikkje særleg langt til Røyrodden. Dersom du ikkje ynskjer å gå heile Nisserstien kan du ta ein kortare veg ved å kjøre 1,7km nord for Treungen. Her er ein parkeringsplass på venstre side, ovanfor gardsvegen til Årak. Langs Nisserstien er det fleire fine badeplassar. På toppen av Røyråsen har Treungen IL i mange år hatt kasse med bok i.

Lengde: 6 km
Merking: God