Last ned kart her

Køyr 7,5 km sørover frå Treungen sentrum og ta til venstre inn ein grusveg på toppen av Høgefosskleiva. Ta til venstre etter brua. 1,7 km etter at du tok av frå riksvegen ser du ein sti som er merka med blå merker på trea på høgre side av vegen. Parker her og følg merkinga oppover. Vegen er lett å finne. Du kjem både opp og ned på ein time. Til tross for at du ikkje kjem så høgt er utsikten bra. Vil du gå ein lengre tur kan du gå frå Tjørullkroa og på den fine stien forbi Sandarhylen. På turkartet til Friluftsrådet sør er toppen merka som Austnesheia. Treungen IL har kasse med bok på toppen.

Lengde: 1 time
Merking: god