Køyr opp bakken ved Treungen gjestgiveri. Nokre hundre meter etter byggefeltet Solås kjem du til ein snuplass på høgre side. Parker bilen her. Følg slepa som går frå parkeringsplassen. Her har det vore omfattande hogst. Slepa er nå stelt opp. Følg slepa bratt oppover til du kjem til skiltet på bildet. Herfrå kan du følgje den gamle stien oppover. Denne er lett å finne. På vegen opp er det fin utsikt over Treungen nord. Lenger oppe har ein utsikt mot Treungen sør og Homme. På ein god time kjem du både opp og ned. Dette er ein fin kveldstur.

Lengde: 1-2 timar
Merking: Delvis merka