Den ligg litt sør for Treungen og passer godt som familietur. Køyr frå Treungen rv 41 sørover til Tjønnefoss og ta til høgre mot Fyresdal. Følg vegen til Fyresdal i 5,8 km. Du finn der ein grusveg på ve side. Det er bom her. Parker ved bommen og gå omlag 15 min på grusvegen og ta til høgre rett før Trolltjønn. Her er det sti oppover. Den er litt tilgrodd, men går stort sett greit å finne. Turen går vidare på svafjella opp mot toppen. Her er det merka med merkesteinar og småvardar oppover. På toppen er det varde. Treungen IL har satt opp kasse med bok i. På 2,5 time kommer du opp og ned og har tid til litt pauser.

Lengde: 2-3 timar
Merking: God