Last ned kart her.

Kjør til Husvatnet på Heimdalsheia og parker der. Det kostar 50kr i bomavgift! Følg sti/ slepe på venstre side av vegen merka "Berghyl" opp Breidvasskleivane. Like før ein kjem på toppen av slepa og opp til vatnet Heimre Breidvatn skal ein ta til høgre inn på ein sti. Når ein kjem til eit stiskile (sjå bilde), så skal ein halde mot venstre. Da vil ein etter kort tid sjå skilt til Stolsvassnuten. Følg den gode stien og kloppane forbi vatnet Berghyl og vidare til toppen av Stolsvassnuten. Løypa er ikkje merka med blått, men stien er god, så det skal ikkje vere problem å finne fram! Turen er ca. 11 km tur/ retur og tek ca. 1,40 ein veg.
Nydeleg tur i kupert terreng!