Last ned kart her.

Fortsett på vegen frå Felle, mot Gjerstad) ca 3 km frå Felle landhandel. Ta til venstre mot Sandlia hyttefelt. Dette er ein bomveg. Det kostar 40 kr og ein betalar med kort. Køyr vegen til endes og parker på parkeringsplassen mellom Sandtjønn og Spjotvatn. Følg skilt mot Solhomfjell. Den første etappa går på grusveg. Etter ein liten km skal du følge sti mot høgre. Følg med på dei raude T -ane! Herfra er stien merka med flotte vardar med raud T. Etter ca 3km kjem du til eit kryss. Herfra er stien til Solhomfjell merka med blått og rikeleg med merkestein. Store delar av turen går på Svafjell. Den er godt merka. På toppen står eit branntårn. Klatrar du til topps i tårnet blir utsikta god. Herfrå skal ein kunne sjå heilt til sjøen.
Turen tek 3-4 timar i rusletempo, og er 11 km tur/retur.