Statens vegvesen legg i samarbeid med Nissedal kommune forslag til reguleringsplan for riksveg 41 på to strekningar ut til offentleg ettersyn i perioden 20. november 2019 til 15. januar 2020. Planen er tilgjengeleg på nettsidene www.vegvesen.no/riksveg/nisser. I tillegg ligg planen også ute hos Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen og Statens vegvesen, Fylkesavdeling Telemark, Gjerpensgate 10, 3716 Skien

Føremålet med reguleringa er å betre framkomelegheita og auke trafikktryggleiken på strekninga.

I samband med at reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn, arrangerer Statens vegvesen i samråd med Nissedal kommune ein open kontordag på kommunehuset i Treungen onsdag 4. desember kl. 13.00 – 17.00. Her vil representantar frå Statens vegvesen og kommunen vere til stades og svare på spørsmål. 

Vi ber om å få tilsendt eventuelle merknader til reguleringsplanen skriftleg innan 15. januar 2020. Send merknadene til: Statens vegvesen Region sør, Postboks 723 Stoa, 4808 Arendal. Innspel og merknader kan òg sendast på e-post til: firmapost-sor@vegvesen.no.

Spørsmål kan rettast til Statens vegvesen ved: Ragnar Grøsfjeld 35 58 16 77 / 958 17 202, e-post: ragnar.grosfjeld@vegvesen.no.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-10. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

Plandokumenta finn du her: