Målet er å motvirke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom 

Tilskotsordninga skal vera eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. Ein skal ikkje stille krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge kostnader eller vera gratis.

Offentlege instansar, private aktørar og friviljuge organisasjonar kan søkje om midlar.

Nissedal kommune har oppretta ein lovpålagt kommunal knutepunktfunksjon for tilskotsordninga. Kontaktperson er rådmann Sverre Sæter.
Ta kontakt på e-post postmottak@nissedal.kommune.no eller tlf. 35 04 84 02 innan 11.12.19.

Meir informasjon:
Tilskotsordningas nettside
Regelverk for tilskotsordning
Rettleiiar til regelverket
Årsplan
Søknadsportalen