Arealoverføring
-
Generelt om tjenesten
Tenesteomtale
Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), kan arealoverføring vere ein aktuell prosedyre. Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering. Ei arealoverføring krev at ein har halde ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle eigedommane er klarlagde og beskrivne. Derimot slepp du å opprette ein eigen grunneigedom, tinglyse skøyte og slå saman eigedommane. Arealoverføring skal registrerast i matrikkelen (det offisielle registeret over fast eigedom), og kommunen skal sørgje for tinglysing.
Målgruppe
Registrert eigar av grunneigedom, anleggseigedom eller registrert jordsameie
Kriterium/vilkår
Det må som hovudregel liggje føre eit løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova. Nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet må òg liggje føre. Festegrunn kan likevel ikkje endrast med arealoverføring.
Pris for tenesta
Gebyr etter matrikkellova for Nissedal og Kviteseid kommune
-
Lover og forskrifter
Sjåmatrikkellova §§ 9 og 15plan- og bygningsloven § 20-1matrikkelforskriften § 33 Arealoverføring
Lover
Forvaltningsloven
Matrikkellova
Plan- og bygningsloven
Forskrifter
Matrikkelforskriften
Forskrift om gebyr for reguleringsplanbehandling, bygge- og delesaksbehandling, oppmåling og eigarseksjonering, Kviteseid.
Forskrift om gebyr for reguleringsplanbehandling, bygge- og delesaksbehandling, oppmåling og eigarseksjonering, Nissedal.
Vinterforskrift oppmåling Kviteseid kommune
Vinterforskrift oppmåling Nissedal kommune -
Skjema
Rettleiing - korleis få utført
Partane er ansvarlege for å skaffe nødvendige erklæringar og sender alle nødvendige dokument samla til kommunen. Selgjaren skal godtgjere at oppgjersform er avtalt og at oppgjeret er sikra. Ta eventuelt kontakt med ein advokat eller eigedomsmeklar for å få bistand.
Skjema
-
Saksbehandling
Saksbehandling
Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med arealoverføring etter endeleg vedtak etter plan- og bygningslova. Det blir skrive ut eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.
Saksbehandlingstid
Når det ligg føre eit endeleg vedtak etter plan- og bygningslova, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) som hovudregel innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.
Klagemulighet
Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har teke imot matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på arealoverføringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
-
Kontaktinformasjon
Kontaktavdeling
Avdeling: Plan og næring Telefon: 35048400 Epost: postmottak@nissedal.kommune.no Postadresse: Nissedal kommune, Treungvegen 398, 3855 Treungen Kontaktpersoner
Navn: Eirik Otto Skarprud Tittel: Oppmålingsingeniør Telefon: 35 04 84 35 Epost: eirik.skarprud@nissedal.kommune.no Navn: Torill Lohne Tittel: Oppmålingsingeniør og byggesaksbehandlar Telefon: 35 04 84 40 Epost: torill.lohne@nissedal.kommune.no -
Andre opplysningar