Lønnstilskot til sommarjobb

Nissedal kommune har vedteke lokal tiltakspakke i samband med Covid -19 som gjer at vi kan tilby lønnstilskot til verksemder som tilbyr sommarjobb til ungdom/studentar/flyktningar, busett i Nissedal kommune. 
Søknadsfrist 22.06.20

Retningsliner for å kunne søkje:

  • Verksemda må ha eit organisasjonsnummer og har folkeregistrert adresse i kommunen.
  • Den tilsette personen har folkeregistrert adresse i kommunen.
  • Ordninga gjeld for unge vaksne i alderen 18-30 år. 
  • Ordninga gjeld også for personar som har fullført eller er i ferd med å fullføre introduksjonsprogrammet for flyktningar.
  • Verksemda må minimum tilby tarifflønn. Tarifflønn for ein person over 18 år, utan erfaring, er pr. i dag kr. 154,26 pr. time.
  • Den tilsette må ha tilbod om 100 % stilling i minimum 2 veker, dvs. minimum 75 timar.
  • Det kan maksimalt søkjast om støtte for 300 timar, dvs. 100% stilling i 8 veker.
  • Ordninga gjeld i perioden 15. juni – 31. august 2020.
  • Tilskotet er på kr. 50,- pr. time.
  • Det er verksemda sjølv som må søkje om tilskot. Signert arbeidsavtale må leggjast ved søknaden.

 

Enkel søknad sendast til Nissedal kommune på epost: 

postmottak@nissedal.kommune.no 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?