Utgreiing av leksefri skule

I samband med fastsetting av budsjett og handlingsprogram for 2021 har Nissedal kommunestyre bedt rådmannen om å utgreie leksefri skule.

Eining for oppvekst og kultur er i gang med oppdraget, og det vil bli lagt fram ei sak for kommunestyret i mai. I saka ser ein på ulike modellar; heilt leksefri, ein leksetilpassa skule eller å halde fram med lekser som i dag.

I samband med dette ønskjer vi å hente inn synspunkta til foreldre, lærarar og elevar i grunnskulen. Det vil bli sendt ut ei spørjeundersøking til desse gruppene første veka i mars.

Vi håper alle inviterte vil ta seg tid til å svare på spørjeundersøkinga når den kjem. Svarprosenten bør ligge over 70% for at resultatet kan bli nytta. På den måten er din stemme svært viktig for at vi kan ta med resultatet inn i saksframlegget som kommunestyret skal handsame 6. mai.

På førehand takk!

Beste helsing,

Reidun Carol Retterholt
Einingsleiar oppvekst og kultur

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?