Siste nytt frå TV-aksjonen

Det blei samla inn totalt 104 186 kr til årets TV-aksjon i Nissedal sundag 24.oktober.
Nissedal kom på 53.plass av totalt 357 kommunar i landet og 4.plass av totalt 23 kommunar, fordela på innbyggjarar.
Dette er eit flott bidrag til Plan Internationalt Norges arbeid mot barneekteskap.
På Kyrkjebygda oppvekstsenter blei det arrangert TV-aksjons kafe.
Dei melder om fantastisk innsats frå første sekund, som gjorde ettermiddagen på skulen til ei hyggeleg stund for veldig mange. Og ny innsamlingsrekord blei det òg. Den gamle frå 2015 ( 24.426 kr) har stått seg fram til nå. Den nye rekorden er 26.182 kr.!
Du kan sjå bilde og lese meir om arrangementet her: http://www.kyrkjebygdaoppvekstsenter.no/2021-22/plan/index.html Lenke til et annet nettsted.
Me takkar også alle som var bøssebærarar for god innsats!
Sist oppdatert