No kan du som frivillig lag i Nissedal kommune søkje om straumstøtte

Nissedal kommune har fått 91.265 til fordeling til lag og organisasjonar i kommunen som har hatt ekstra utgifter til straum i 2021/22.

Målsettinga me tilskotet er at høge straumprisar ikkje skal gå ut over aktivitet i laga i kommunen

Tilskotet vert berekna ut i frå forbruk i desember og januar.

Kven kan søkje?

  • Alle organisasjonar som er registrert i Frivillighetsregisteret
  • Andre verksemder som er eigd av frivillige organisasjonar og som har utgifter til straum eller fjernvarme
  • Andre verksemder med vesentleg innslag av frivillig verksemd
  • Organisasjonar som leiger lokale der dei dekker straum eller fjernvarmekostnadar

Alle som søkjer må kunne dokumentere utgifter til straum eller fjernvarme.

Kommunale eller kommersielle verksemder kan ikkje få tilskot. Ein kan ikkje dekke straumutgifter i private heimar.

For meir informasjon om ordninga: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/retningslinjer-for-stromstotteordningen-for-frivillige-organisasjoner/id2902250/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Søknadsskjema: https://lottstift.no/for-frivilligheten/stromstotte/ Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Frist for å søkje er 15. mars 2022 kl. 13.00. For å søkje må ein nytte lotteristiftelsesens søknsadsskjema.
Søknadane vert sakshandsama i veke 12. Om det er behov for tilleggsopplysningar i høve til søknadane, vert laget kontakta av kommunen.
Ved spørsmål om ordninga, ta kontakt med Anne M Espelid, kultursjef, på epost: anne.espelid@nissedal.kommune.no

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?